tirsdag 3. desember 2013

3.

Eit nytt lite teppe vart ferdig no i november. Basis var dei vanlege sirklane mine. Denne gongen med berre to fargar i kvar sirkel. Her ligg dei klare til samanhekling, noko som eg brukar å gjere i fjerde runde.

108

Då har eg før hekla ferdig ei og ei rute, noko som er enkelt og greitt – men som gir ganske mange endar å feste til slutt.

Så de kan tru eg vart interessert då eg oppdaga at nokon har fundert ut ein metode for samanhengande samanhekling (vi kan kalle det SSH). (Continuous Join As You Go – CJAYG på utanlandsk). Eg fann ei forklaring her.

122

Kort fortalt så heklar eg dei ulike sidene på rutene ferdig på forskjellige tider. Her har eg akkurat starta på ei ny rad. Først heklar eg sirklane fast med den eine sida. Dei tre andre sidene vert hekla etterpå.

125

Til slutt vert siste side på kantrutene hekla. Eg enda opp med å hekle kryssa litt forskjellig frå forklaringa her.

126

Tenkte å vise dykk kva eg gjorde litt seinare. Det er uansett ikkje så enkelt å forklare korleis denne metoden virkar (utan skikkelege bilder), men det var slett ikkje så vanskeleg dette heller.

Også enda eg opp med – hald dykk fast – heil 6 trådar å feste til slutt!!! Etter samanhengande samanhekling og ekstra kant rundt.

008003010

I have discovered a new way of joining my circles: Continuous Join As You Go – or CJAYG. You can find a good explanation of the method here.

I used it on this little blanket, and had only 6 ends to weave in after the joining and border! (The circles had more ends of course, but they were done separately…)

I did my corners in a different way than the tutorial. I'll make my own tutorial and show you later.

mandag 2. desember 2013

2.

015

Adventsstjernene dukka opp til slutt… Men ikkje så mykje meir pynt enno. Eg har tenkt å ha advent ei stund før julepynten kjem fram. Men no kan eg altså ikkje finne så mykje adventspynt… Minn meg på å lage ei eiga adventskasse når pynten skal pakkast vekk i januar…

I år har eg tenkt å bygge fleire småhus til julebyen min. Har allereie tre nye klare til maling og glitter. Her kan du finne mange linkar til mønster på slike hus.

017

I will make more houses for my Christmas village this year. Three new houses are ready for paint and glitter now. Here is a post with lots of links to templates for glitter houses.

søndag 1. desember 2013

1.

1. desember allereie… Eg som hadde tenkt november skulle vare nokre veker til… Men det er koseleg med adventstid, altså.

Skal prøve å få opp bloggefrekvensen litt no i desember (hadde planar for det i november også, men det gjekk altså ikkje – så vi får sjå korleis det går…)

December allready… November just started… But I look froeward to advent and Christmas-time. I plan to do more blogging ine December (had the same plans for November, so we'll see how it goes…)

b2fe76be599e11e3a36912172d8c639d_8

Novemberkaktusen blomstra i tide i år.

5554d044514c11e3976812ea60f10a0e_8

501fa31a550211e3b759129d9a62bf3b_8

Forrige helg og i starten av veka hadde vi snø, men no er det bart igjen. Med utsikter til mykje nordavind komande veke, er det vel sjanser for meir snø igjen…

We had snow last weekend and in the beginning of the week, but it has rained away. The coming week will have lots of wind from the north, so the snow will be back…

d326036459ab11e3b67c0e2626ce01c4_8

Nokre julegåver er på pinnane, fleire er på planstadiet, så får vi sjå kva det vert tid til i tre veker med advent…

Litt baking må det også vere tid til.

I'm knitting presents, have a few planned and hope there's enough days to get them finished… There will also be baking.

04ceca36599d11e3826e1245ebab07ad_8Minicupcakes for a birthday party.

God adventstid!

fredag 8. november 2013

Dilla

1171074_393117620790966_1998250504_n

Har du fått med deg det nye bladet Dilla på håndlaget?

I det bladet som er ute no (nr 2) kan du ta ein kikk inn i hobbyrommet mitt.

(Slik det kan sjå ut når det er ryddig – noko som har skjedd sidan eg har bilda som bevis…)

Her er nokre andre bilder frå hobbyrommet.

035

039

045

078

091

Some photos from my craft room are in a Norwegian craft magazine! 

Nice to have proof that it once was tidy in there…

søndag 3. november 2013

Hakking

Eg har prøvd meg på ein ny teknikk i det siste. Hakking.

Noko som eg trudde var komplisert, men som slett ikkje var det.

Og putetrekk er ein passe storleik å øve seg på. Eg skulle også ha øve meg på fargeskifte her.

Første prosjekt har eit ganske enkelt mønster…

113bdbe6303b11e392d022000a1fcc15_7

(Fargane er eigentleg grå og oransje, dei blei veldig forskjellig på dei bilda her…)

003b

Fargeskifte viste seg å vere ganske enkelt så eg kasta meg fort ut i eit større prosjekt. Såpass fort at første prosjekt eigentleg ikkje vart heilt ferdig som de ser…

5db67e8a337a11e3864822000a9f09cf_8

Her brukte eg mitt favoritt-broderimønster igjen. Sjølve hakkinga og fargeskifta går greitt, men her enda eg opp med ein drøss endar som måtte festast til slutt.

001

Så måtte eg prøve meg med tjukkare krok og dobbel tråd. Artig det også, og det gjekk mykje fortare sjølvsagt.

Det kjem heilt sikkert fleir hakke-saker her i frå! Går de inn på youtube finn de mange videoar som forklarar både hakketeknikken og korleis få til fine fargeskift. Hakking vert kalla tunisian crochet der ute i verda.

ab703224390111e3b65722000a9e00be_8

002

I have tried something new lately. Tunisian crochet. I thought it was difficult, but really it isn't.

I started with a simple cross pattern. I quickly moved on to a more complicated pattern: My favourite CK embroidery pattern. The colour changes were no problem, but here I ended up with a lot of ends to weave in… Then I had to try using a larger grochet hook and two strands of yarn. I made up a flower pattern for this project. Now I only need to finish these, and make a back. For these all will become pillows…

You can find lots of videos on youtube explaining how to do tunisian crochet, and how to do the colour changes correctly.

001b

lørdag 2. november 2013

Monstermuffins 2013

Dette har blitt ein tradisjon no. Ny rekord i antall pyntarar i år….

133b

138

136b

It was time to make monster cupcakes again…

Maybelle-teppet

maybelle

Maybelle-teppet som eg skreiv om her har endeleg blitt skikkeleg ferdig.

Det einaste som mangla var å feste dei siste trådane…

Teppet skal vere ein av gevinstane i julelotteriet til Ørsta husflidslag, så no måtte det berre gjerast.

130

131

129

Eg har brukt forskjellig superwash-garn i dette teppet, og 4 mm heklekrok. Mønster på Blomsterrutene finn de her.

Eg hekla saman rutene i siste omgang med kvitt. Kan kanskje vise korleis eg gjorde det seinare (har nemleg fleire blomster liggande).

Må kome attende til dei vitale måla (storleik og vekt og slikt – det har eg gløymt å måle…)

Bur du i Ørstaområdet må du ta ein tur innom julesalget i Ørsta husflidlag sine lokale (laurdagar i nov-des). Der kan du kjøpe handlaga produkt og kjøpe lodd. Mange fine gevinstar!

128

I finally finished my Maybelle blanket. (Only needed to weave in the last ends…)

onsdag 16. oktober 2013

Trekant variasjonar

Eg har hekla litt fleire trekantar i haust. Denne gongen også nokre store. Sidan dei små trekantane er 12 rader høge, så blei dei store 24 rader. Med den samme aukinga i sidene går det greitt å få plass til dei store saman med dei små.
002
På baksida blei det dei vanlege stripene…
003
I have made a few more triangles – this time with a little variation. I made larger triangles too. The small triangles are 12 rows high. The large ones here are 24 rows. That way the fit easy in between the smaller triangles.

I allways crochet the front and back together. I make sure that I the front and the back piece have the same number of rows and the same number of stitches.
I hold the two pieces together (with the front facing) and use sc to crochet a st from the front together with a st from the back.
Here I have crocheted a row of crab stitches too.

Plumetis Magazine

For ei lita stund sidan fekke eg ein e-post frå Paris!

Aurélie, ein av redaktørane i  det elektroniske Plumetis Magazine, lurte på om trekantputa mi kunne  få vere med i det neste nummeret deira.

- Ja, så klart! svarte eg

plumetis magazine

No er magasinet ute og de kan finne det her. Mykje fint å sjå på der, skulle berre ønske at eg hadde følgt litt betre med i fransktimane på gymnaset…

På side 35 finn de puta mi.

magazine 15b

Eg fekk til og med vere med i innhaldslista.

magazine 15

My Triangle Pillow is featured in the latest Plumetis Magazine.

I'm so happy to see my little pillow in a magazine.

Go and take a look!

søndag 13. oktober 2013

Sauesanking

Laurdag var det tid for saueanking på øya igjen. Og for ein fantastisk dag det vart!

Sauene oppførte seg fint, mange kom for å hjelpe, nydeleg vêr, fine fjell rundt oss, syskenborn i leik mm...

Her kjem eit bilderas:

051033036039049061062065067b064070b

This weekend it was time to gather my fathers sheep and to take out this year's lambs. It was a wonderful day. Lovely weather, family, sheep, lunch cooked ont the fire, cousins playing etc…

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails