tirsdag 22. desember 2009

22.

Då er det ferie! Vi hadde ein koseleg siste-dag-før-juleferien dag.

Eg veit så klart at det er den 22. i dag. Men eg blei likevel ein smule overraska då eg forstod at det var bittelillejulafta i dag. Lillejulafta er i morgon!! Oops!

Tenkte på ein måte at det var eit par ekstra dagar til jul. Eg må nok berre ut litt tidleg på dagen og fikse dei siste gåvene… Og så tenkte eg å få gjort pepparkakehuset i morgon. Og så skal det visst ryddast og ordnast litt. (For det skjer som regel ikkje før lillejulafta her).

DSCF1784

I går fekk eg laga litt marsipangodt. Eg klarer meg lenge med ferdigmarsipan frå butikken, med sjokoladepynt og anna tilbehør.

Ha ei fin lillejulafta.

DSCF1780

Har de sett snillare katt, forresten? Manglar berre glorien. Han, Chat Noir, og dei andre kattane i huset har favorittplassen framfor varmepumpa i huset. Og han godtok så vidt å prøve englevingane.

-----------------------------

Last day of school today. Even if I know the date today I was a bit surprised when I realised we only have two days left until Christmas… I somehow thought we had a few days more (wishfull thinking, perhaps…)

So, I’ll have to pop out early tomorrow to get the last presents done. And then it’s time to make the gingerbreadhouse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails