onsdag 2. desember 2009

2. desember

Rekk akkurat å få innlegg før dagen er over. Eg har vore på adventsmøte i husflidslaget i kveld.

Fekk strikka litt, det går i huer for tida, mest julegåver.

Eg bør vel snart sette meg ned og lage liste over kva som bør gjerast før jul. Dagane strekk vel ikkje heilt til år heller.

Trur eg må finne fram symaskina igjen også. Om ikkje anna så har eg ei bukse som treng litt lapping. Eg ser at holete bukser er på moten igjen, men eg trur eg foretrekk bukser som held seg heile når eg set meg ned på kne (er ikkje heilt fornøgd med kvaliteten på H&M-buksa mi…)

 DSCF1551

Eg synes det er litt koseleg med girlander til pynt. Her er nokre heklevariantar eg har laga. Måtte berre prøve ut eit par idear.

DSCF1546

Her pynta eg trekantane med billige heklebrikkar frå europris.

I morgon er det julebord med jobben! Her går det unna!

december

1 kommentar:

  1. gaveliste, - du sier noe der. Bra at en har symaskin, strikkepinner og heklekrok :-)
    Smart ide med heklepynt fra europris.

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails