torsdag 14. august 2008

Rykk tilbake til start

Eg starta så flott med heklejakka mi under åpningsseremonien. Eg heklar i eitt anna garn enn oppskrifta er laga for, men eg hadde faktisk prøvd ut heklefastheita før eg starta. Likevel rota eg litt fram og tilbake med kva str eg skulle lage. Enda til slutt med M/L og heklenål 4. (Sjølv om eg ikkje fekk rett heklefastheit med den nåla.) Etter nokre omgongar med stavar ser kanten nede ut til å bli akkurat passeleg.

Og så hekla eg i eit par dagar. Kjem godt i gang med mønsteret oppover bolen. Kanskje det er på tide å måle kor stort det blir. Oj, skal seie dette mønsteret gjorde alt litt mindre. Trudde ikkje M/L skulle sitte som eit pølseskinn? Fram med måleband.

 heklejakke

Ja, ja... Eg har visst hekla i veg på ei jakke som kunne passa meg i 6. klasse...

Og eg som veit at eg heklar stramt - Burde kanskje lære snart. Hekle / strikkefastheit står ikkje på oppskriftene berre til pynt.

SIdan eg vil ha ei jakke som eg kan bruke, så var det berre ein ting å gjere: Rekke opp alt saman og starte igjen med heklenål 4,5! Det er enno vel ei veke igjen av OL og Ravelympics...

4 kommentarer:

  1. Ergerlig, men veldig fornuftig. Og heldigvis slipper du flere "straffemasker" i neste runde!

    SvarSlett
  2. Og etter ol kjem vel paralympics..som ein slags reserverunde dersom det vert litt knapt med tid..

    SvarSlett
  3. Ja-ja, dette har dei fleste av oss prøvd.
    Du kjem nok i mål til slutt...

    Ha ei fin helg.

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails